Til jul kom det ut ei bok som heite Hel Ved, og som blant anna fortalte om samanhengjen mellom korleis ein stablar veden ein høgge og personlegheit. Og eg kunne ikkje la være og flire ganske høgt av karateristikkane mens eg prøvde å finne ut korleis vedstablane på Skotet skulle passe inn i dette. Blant anna meinte forfattaren av boka at vi er omsorgsfulle fordi vi har mykje småved blanda inn saman med stor ved så det skal være lett og fyre, men då vedstabelane våre er ganske skakke – kunne det tyde på både alkoholisme og slurv.
Sanninga er av vedstablane våre er laga av born. Dermed blir det heilt naturleg småved innimellom då det slettes ikkje alltid er lett og treffe midt på og det og lø opp ved heilt beint treng mykje meir øving enn det borna får iløpet av 3 dagar på leirskule. Men eg kan ikkje dy meg med anna enn at eg er stolt av innsatsen likvel – born i dag får knappast bruke øks og her lærer vi born heilt nedi 7-8 års alderen å trygt høgge ved. Borna diggar denne aktiviteten, ikkje rett skjelden har avdelingsleiaren vakna i 6-7 tida om morgonen av at øksa gjeng og elevane er i gong med arbeidet.
Men ein ting som har irritert meg grenselaust, er korleis mykje av veden har rotna inne i vedskjulet. Rett gjennom vedskjulet renn det kvar gong det regnar store strie straumer vatn og det kan umogleg være særleg bra. Snakk om vekkasta arbeid for alle partar! Så no har avdelingsleiaren fått hjelp av superdrengen Nicolay og fått snekra til eit golv der inne. Eg kan aldri tenkje meg at dette golvet er særleg kulturhistorisk korrekt då eg knappast har laga ei fuglekasse før, men eg kan jammen ikkje sjå for meg at det er kulturhistorisk korrekt og la veden rotne heller.
Så med hjelp frå både hesten og hunden, og med ei stor mengde fastelavensbollar som nistemat, kan vi frå Ytste Skotet rapportere om vel gjort arbeid på golvet - no er det berre og begynne å høgge ved…






































