Om Ytste Skotet

Ytste Skotet er ein museumsgard som ligge veg og straumlaust til i Storfjorden på Sunnmøre, i Stordal kommune. I dag er garden dreve av Stiftinga Sunnmøre Museum med meg, Kari-Anne Nilsen, som avdelingsleiar. Her er ingen dag lik – det er mange utfordringer, gleder, overraskelser og arbeidsoppgåver som må løysast til ei kvar tid, både av vi som bur her og gjestane våre.

Om vinteren er eg her stort sett aleine med dyra og gardsstellet, og dagane går med til å planlegge neste års sesong, kontorarbeid og være ute i naturen. Garden ligge på 225 meter over havet, og råsa ned til sjøen kan være både glatt og rasfarlig med snø og is, så eg kosar meg for det meste mutters aleine ilag med alle dyra, her er både saud, hest, hund, kattar og høner gjennom vinteren.

Men om sommaren renne garden full i skuleklassar, dugnadsfolk og museumsgjester. Mykje av hensikta med museet er å vise korleis livet var på fjordgardane i førindustriell tid, og derfor prøver vi så langt det lar seg gjere å ta både born og vaksne med på dei arbeidsoppgåvene som var vanlege før, frå dyrestell, åkerarbeid, vedkløyving og matlaging på vedkomfyr og i grua.

På denne bloggen skal eg prøve å dele nokre av dei opplevingane vi har her og kanskje får også du lyst å ta ein tur??

3 svar til Om Ytste Skotet

  1. Cathrine Hole seier:

    Hei igjen, museumsbestyrer Nilsen ! Kan ikke du lage det til så vi kan poste innleggene dine på facebook. Vil så gjerne dele erfaringene dine med fler.
    Cathrine

  2. Fjellcoachen seier:

    En jobb det står respekt av! Har klatret meg opp til Ytste Skotet 1 gang, og ser klart at det trengs litt planlegging, spesielt på vinterstid, enten du har sosiale behov å dekke eller du trenger ny forsyning av noe.. Riktig god førjulstid!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s