Kva kan vi bruke alt ditta regnet til da?

Etter nokre fine vårdagar må vi berre innsjå fakta her på garden – regnet og kanskje også snøen er på veg. Vanvittige mengde regn føre til våte markar, gjørmete tun og enda meir rasfare i råsa.

Heldigvis har eg fått superdrengen på besøk, som hjelpe til og bære vatn. Og det er mykje ein kan bruke regnvatn til. Eit gamalt husmortips er å vatne blomstrane med regnvatn. Då blir dei vist ekstra fine. Og alt av ull ein er glad i og redd for blir reinast og finast med forsiktig vask med lunka regnvatn og sunlight-sepe.

Det siste tipset vi har å komme med i dag er å bruke samme oppskrift på hårvasken. Og sidan det var lengst sidan tanta hadde vaska håret, var det ho som måtte til pers og få skalpen vaska. Med regnvatn og Sunligth-sepe blir håret heilt mjukt, reint og fint og tanta skjemst litt når ho tenke på alle 1000 lappane som har gått med til sjampo, balsam og hårkurar osv opp gjennom åra. Tenk så enkelt og så rimeleg..

Jaja -vi blir i alle fall ikkje vasslaus sjølv om mykje nedbør i praksis gjer at rasfare isolerar oss her oppe. Vi har masse proviant, verpande høns og ei bøtte med seigmenn. Og ein gong må det da bli bedre vær?

   

Posta under Uncategorized | Merkt , , | Kommenter innlegget

“Har det vøre noko dramatikk her i den bratte sjøvegen?”

Å nei da, svara eg, det gjeng så fint. Det er berre å ikkje reise nokon plass når det er mykje is i fjellveggen eller at det er for mykje vind for å komme seg over med båten – då må ein berre vente på betre forhald.  

Også skulle det gå i underkant av ei veke før eit kjemperas har gått i sjøvegen og tatt med seg mykje av råsa, med lause stein og jordmassar som ligge ganske ugunstig til. Og før vi finn ein geolog eller nokon med meir kompetanse på å vurdere fjellsider enn meg, er stien opp til Ytste Skotet stengt for fertsel for både folk og fe.

Og eg er i praksis heilt isolert. Akkurat no er det litt vanskeleg å seie for kor lenge, eg håpar så indeleg at vi kan opne vegen til påskedugnaden - men vi får sjå korleis det går.

Livet som isolert er heller ikkje verst, våren har virkeleg komme til Skotet. Sola varmar, graset har begynt å spire og søyane er ein tur på skogen og beitar kvar dag. Av og til kjennest det ut som at eg skal sleppe vettet fullstendig.  Men ikkje av noko meir alvorleg enn at her er 3 brunstige hokattar som fotfylgje meg over alt og remja og skrike heile tida, og her er det skikkeleg langt til nærmaste hannkatt :)

I dag fekk eg proviant opp på taubana, ein god venn har racerbåten på andre sida og kjørte over til meg med varer og lørdagsgodt som han lempa opp på korga. Og dermed har vi alt vi treng her oppe også. Takk og lov vi er oppsett med både taubane og lokale støttespelarar her på garden!

Så i staden for å springe opp og ned i råsa, ordne med varer, skilting, brosjyerer og brygge og alt som egentleg burde bli ordna til sesongen, sitt eg her og ikkje har noko anna valg enn å la være. Og det gir meg tid og anledning til å drive med ting som trengs her oppe, som våronn, vaske kle og leike med hesten. Eg veit det vil “bite me in the ass” at eg kjem på etterskot med organiseringsarbeidet til sesongen – men så lenge det er ute av min kontroll har eg tenkt å nyte kvart eit sekund.

God helg!  

   

Posta under Uncategorized | Merkt , , , , , | 7 kommentarar

Kvinnearbeid

Når eg sitt her gjennom heile vinteren tenkjer eg mykje på korleis det var å vere kvinnfolk på ein slik gard før. Det som slår meg igjen og igjen, er mengda med handtverk dei kunne. For meg som ei moderne dame er det nesten utruleg at det er mogleg og veve dei finaste teppa, senger og lintøy, strikke alt ein treng av ullkle til alle i familien og ikkje minst alt matstellet som måtte til for å mette alle arbeidsfolka av mat ein dyrka og fanga sjølv. Det står verkeleg respekt av både tida det tok å gjere alt dette og ikkje minst kvaliteten på arbeidet dei gjorde.

Og av og til kjennes det ut som at eg som museumssbestyrar burde lært meir, forstått meir og kunna meir om akkurat desse handtverka sjølv om det er ganske langt unna det eg fekk med meg frå både universitet og landbruksskule. På beøskt til ho Jenny som var den siste av dei som budde her mens garden var i drift og som flytte til Sjøholt i 1954, måtte eg tilstå dei ganske skrale kjerringemne-egenskapane som den noverande bestyraren på garden har. Eg fortalte at eg hadde prøvd å spinne meg noko tråd – men heilt utan hell. Då kom ho med eit smil mens ho meinte at eg aldri måtte gje opp. “Om den fyrste snella bli dårleg, så bli den neste betre – og tilslutt får du ein trå du i alle fall kan strikke noko som du kan tåve, sjøvottar for eksempel og det har du no bruk for no til dags også”.

Jau da, eg syns no eg begynne å få dreisen på spinninga og for å være heilt ærleg syns eg sjøvottane mine er både varme og eit aldri så lite mirakel. Ikkje kunne eg å klippe sau, eller kare ull, eller spinne, eller strikke vottar eller tove og likevel held dei meg varm på henda.  

Moralen er å aldri gje opp, akkurat som ho Jenny sei. Det er meir kulturhistorisk feil og kaste ulla enn å prøve sitt beste og få noko nyttig av ho, sjølv om kvaliteten langt ifrå kan målast med det dei fekk til før. I ekte Jenny-ånd har eg prøvd meg på veving også. Når eg karar ull som er litt for grov til at eg klarer å få til noko fin tråd, slår eg tullane rett inn i veven og kankje blir det golvteppen av det? Om eg myser litt når eg ser på det, kan eg sjå eit lite bilde av han Jesus der i det litt abstrakte mønsteret på golvteppet - så eg har konkludert med at sakte men sikkert blir dette bra. 

Eg håpar at alle som har nokon gamle tekstilar, sengar eller lignade tenkjer igjennom kor mykje arbeid som ligge bak og at dette er verdifulle kulturminne. Og dei relativ få kvinnene som i dag sitt på kunnskapen om korleis til dømes veve ei seng burde verkeleg bli feira i dag 8.mars. Dere høyre heilt klart heime på museum og hit er de hjarteleg velkommen når som helst!

   

Posta under Uncategorized | Merkt , , , , | 5 kommentarar

Endeleg fredag – og Radiorock på P1

Tida går fort no mot vår. Sola har komme tilbake til garden og berre vi får litt opplett kan vi igjen nyte morgonkaffen i løeveggen.

Det er rett og slett gode dagar. I det siste har eg hatt litt besøk hit, både av familie og venner. Nevøen min Nicolay har vært her på vinterferie – hjelpt mykje til og ikkje minst vært med på ekspedisjon “Finn Margit”.

Nokon fiskarar har observert Margit og minst eit lam på neset utom Skotet og beitande saman med hjort, så førkjå leve! Men korleis i all verda få tak i ho eller finne ho – når hjorten spring opp i bukkemarka følge ho på og no er ho heilt sikkert alt anna enn tam. Nicolay hjalp meg med å leite både lenge og vel og vi la ut mat og godsaker som lokkemat til ho, men eg er veldig usikker på om dette endar vel. Eit helgeprosjekt blir og sette ut nokon av dei tammaste saudene i fjøsen utpå neset der for å sjå om ho kan tenkje seg å være sau i staden for hjort. Om eg fôrar der nede over ei periode har ho fram til lamminga med å bli sau igjen. Akkurat der nede er det vanvittige mengde ørn, så det er uaktuelt og la saudene lamme der. Men vi må prøve hvertfall no når vi veit i kva område ho held seg i og med dei lyngbeita som der har ho det nok som plummen i egget, både ho og hjorten.

Eg har også hatt besøk av Amalie og Elias som tok mammaen sin med på vinterferieopphald. Midt i det argaste slaget med yatzi ringte sjefen – og eg kunne ikkje la være og tenkje litt nøye over kor heldig eg er med jobben (og sjefen?) - når vi avtalte at eg kunne få ringe opp att berre eg vart ferdig med å spele yatzi midt på formidagen ein heilt vanleg arbeidsdag. Ikkje slik og forstå, eg jobbar min del og vel så det, men eg sette vanvittig pris på friheita likvel.

Og no er det fredagskveld og måneskinn – og radiorock på radio. Kan det bli bedre?

Takk for både besøk og hjelp folkens, og god helg!  

    

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Vinterferieprosjekt

Til jul kom det ut ei bok som heite Hel Ved, og som blant anna fortalte om samanhengjen mellom korleis ein stablar veden ein høgge og personlegheit. Og eg kunne ikkje la være og flire ganske høgt av karateristikkane mens eg prøvde å finne ut korleis vedstablane på Skotet skulle passe inn i dette. Blant anna meinte forfattaren av boka at vi er omsorgsfulle fordi vi har mykje småved blanda inn saman med stor ved så det skal være lett og fyre, men då vedstabelane våre er ganske skakke – kunne det tyde på både alkoholisme og slurv.

Sanninga er av vedstablane våre er laga av born. Dermed blir det heilt naturleg småved innimellom då det slettes ikkje alltid er lett og treffe midt på og det og lø opp ved heilt beint treng mykje meir øving enn det borna får iløpet av 3 dagar på leirskule. Men eg kan ikkje dy meg med anna enn at eg er stolt av innsatsen likvel – born i dag får knappast bruke øks og her lærer vi born heilt nedi 7-8 års alderen å trygt høgge ved. Borna diggar denne aktiviteten, ikkje rett skjelden har avdelingsleiaren vakna i 6-7 tida om morgonen av at øksa gjeng og elevane er i gong med arbeidet.

Men ein ting som har irritert meg grenselaust, er korleis mykje av veden har rotna inne i vedskjulet. Rett gjennom vedskjulet renn det kvar gong det regnar store strie straumer vatn og det kan umogleg være særleg bra. Snakk om vekkasta arbeid for alle partar! Så no har avdelingsleiaren fått hjelp av superdrengen Nicolay og fått snekra til eit golv der inne. Eg kan aldri tenkje meg at dette golvet er særleg kulturhistorisk korrekt då eg knappast har laga ei fuglekasse før, men eg kan jammen ikkje sjå for meg at det er kulturhistorisk korrekt og la veden rotne heller.

Så med hjelp frå både hesten og hunden, og med ei stor mengde fastelavensbollar som nistemat, kan vi frå Ytste Skotet rapportere om vel gjort arbeid på golvet - no er det berre og begynne å høgge ved…

   

Posta under Uncategorized | Merkt , , | 4 kommentarar

Vintertankar

På vinteren har eg eit kjærleiksforhald - til månen. No har sola svikta i mange månader på rad, mens min gode venn i alle fall dukkar opp no og då gjennom heile vinteren. Med skaresnø, fullmåne og uendeleg med tid har eg komme fram til at ein skal ikkje søve burt vinternatta. I dag tok eg meg sjølvsagt ein tur og gjekk med månen midt i mot – og det var nesten som eg kunne sole meg i måneskinn. Då eg tilfeldigvis snudde meg motsatt og oppdaga det argaste nordlys heilt ifrå Lauparen til Storhammaren med grønt og raut lys som slo over himmelen kom det faktisk eit hyl heilt i frå det innarste evolusjonære av meg. Sjølv om eg hadde kamera med blei eg berre ståande og stirre så bilde eksistera desverre ikkje.

Vinternatta har ei heilt spesiell ro over seg, men eg veit eg ikkje er aleine med dyr i skogen og eg høyre det ruslar av hjort og at orrfuglen sitt og knatta. På slike dagar, eller netter, får avdelingsleiaren haudet fullt i tingeling og det med eit stort smil om munnen. Då tenkjer eg på kor heldig eg er som har fine menneske i lokalsammfunnet rundt som tenkjer på meg og dyra her oppe, som til dømes dei lokale kvinnene som har vevd golvrye av ull til oss for å tette på gresne golv og fiskarane som vil henge ferske proteinar på taubanevogna. Eller så bekymra eg meg for saudene. Margit er fortsatt på skogen og med slik ein fin vinter vi har hatt er eg sikker på at førkja leve – og eg vekslar mellom håp og håplaust. Og så har eg begynt og tenkje på dei i fjøsen. Dei får sjølvsagt det argaste stell, med varm graut til frukost på kalde dagar og godt friskt vatn og høy og kva dei måtte ynkje. Men så har eg begynt og lure på om ikkje gravide sauer også trenger trim? No har lyngen komme fram på skogen, så her startar beitesesongen i morgon den dag - ingen grunn til å berre stå inne og gomle når ein rusletur nokre timar på dagen sikkert berre er bra for både mor og barn. Eller så tenkje eg på forskjellane og likheitane med og bo her oppe før og no. I sjøvegen er det no store heng med is i fjellsida som gjer det langt frå rassikkert når tempraturane svingar mykje særleg der det heite “fønna” – og det heite nok det for ein grunn – men kva gjorde dei nedi råsa der i gamle dagar? Det mest foruftige eg har klart og tenkje ut der er å gå når det har vært stabilt vær og med ein klar strategi om å ikkje somle forbi i allefall.

Så slik gjeng no dagane og nettene..

 

Posta under Uncategorized | 3 kommentarar

Nytt år, nye muligheter!

Det kjennes godt ut og tenkje på alt som skal skje her på garden til sommaren. Dugander, leirskule, slått, storfjordstevne og museumssøndagar. Fullt i folk kjem heilt sikkert innom for ein dag eller fleire, og nokre av dei har kunnskap og egenskapar som dei kjem til å dele med meg og dei som er her. Kanksje kjem det nokon som kan og sy skinnfeller? Vi har fått att fellane frå fjorårdets slakt og dei er nyydelege! Tenk om vi kunne sy fine fellar til å ha i sengane – i alle fall til fint! Kanksje kjem det nokon som kan og hermetisere lammenakkar? Eller lage spekeskinge på skikkeleg vis? Eller nokon som kan og sette ut kilenot så vi kan få fatt i noko av den flotte laksen som vi no berre må sjå svømme rett forbi? Eller brenne tjære?

At alt eg draumer om skal reke forbi på ei fjøl er vel kanskje for mykje å håpe på – men eg skal i alle fall sitte her tolmodig og sjå kva som kjem. Det er ein av dei finaste tinga med å drive dette museet, potensialet er så kjempestort så det er berre og gjere det beste utav dei ressursane som finnest og det gjestane vil dele.

Det største draumen for sommaren 2012 må være at skuleungdom frå dei nærmaste kommunane igjen får komme hit og lære om historia her. Det er vår kulturarv, vår verdensarv og vår identitet dette dreiar seg om. Eg har begynt og ta imot bookingar for skuleturopphald til våren, så om nokon veit om ei klasse som har hatt godt av ein tur på Skotet, er det berre å sende dei vidare til meg! Ein kan lese meir om kvifor og korleis vi organiserar desse klasseturane på heimesida vår www.skotet.no under fana som er merka med “Leirskule”. Når klassene kjem til våren får borna være med på ting som var heilt vanlege på gardar som Ytste Skotet, som vedhogst, matlaging og dyrestell.

Og kanskje er det godt for alle og ein kvar i vår digitale kvardag og berre ta ei pause og være ilag med kvarandre?

Så ring meg, pakk sekken og kom ein tur :)

      

Posta under Uncategorized | Merkt , , | 4 kommentarar