Nisseleik

På søndag skal vi for fyrste gong gjere alvor av tankane om å gjere Skotet tilgjengeleg for gjestar også vinterhalvåret. Dette er sjølvsagt veldig spennande fordi garden er heilt spesiell og annleis no på denne årstida enn kva den er sommaren, og at vi kan gjere mykje morsomt som kanskje ikkje er heilt naturleg sommaren.

Dette blir ein leike-søndag. Gamaltausa kom med den ideen at vi kunne leite etter nissen, vekke han med song og servere han graut så han var klar me å starte opp julestria. Og eg er så barnslig på det at dette syns eg høres kjemepgøy ut!

Dermed blir det båtskyss frå Dyrkorn kl 11.00 på søndag, og vi håper at mange har lyst å bli med. Det er utrulig fine værmeldingar, vi lagar til god graut og velstand på garden, og dette blir ei sjelden annledning til å sjå Ytste Skotet i heilt andre omgivingar enn kva ein gjer på sommaren.

Eg anbefaler at alle har med godt med kle, sjølv om det er varmt og godt inne i stovene.

Velkommen 🙂

 

 

 

Advertisements
Posta under Uncategorized | 2 kommentarar

Haust og høg himmel

Den siste tida har vi verkeleg fått erfare og kjenne på kroppen nøyaktig kor mykje Ytste Skotet betyr for gjestane våre, dugandsfolk og lokalbefolkning. Det har vært eit varmande engasjement frå alle kantar, frå private, politikar, media, kollegaer og naboar for å støtte opp under driftsforma vi har hatt no i to år, med ein gard i drift heile året, vår eiga bestning av sau og at vi får bruke graset vi slår her til dyrefôr.

Eg har lenge tenkt at Ytste Skotet er ein gard for alle, som formidlar vår felles arv og identitet, og som held kulturlandsskap og levesett levande på ein ganske unik måte – samtidig som at det er tilgjengeleg for alle. Oppgjennom åra har det offentlege bidratt med fleire 10 talls millionar i tilskot, drift og midlar til alt som trengs for å halde det igang og engasjementet til dugnadsfolk og lokale heltar kan målast i fleire årsverk årleg. Dermed meiner eg det er heilt rett – Ytste Skotet er vår felles kulturarv. Besluttninga om at det blir vidare heilårsdrift på Ytste Skotet er svært gledeleg – då det sikrar både ei fagleg og økonomisk forsvarleg drift av museet, at garden forblir tilgjengeleg og i bruk heile året og heilt personleg betyr alle dei naturopplevingane som ligg føre meg veldig mykje.

Eg vil derfor benytte høvet til å takke absolutt alle som har bidratt og engasjert seg i Ytste Skotet i haust, det har verkeleg varma at så mange bryr seg om garden og museet på ein slik måte – og at kvaliteten på museet betyr like mykje for alle dere som det gjer for meg. Då er det berre ein fryd å være museumsbestyrar!!

Når det er berre ein fryd å være museumsbestyrar – då blir det også ekstra museumsaktivitetar. Så i morga, på søndag, blir det ein impulsiv museumssøndag for å feire Skotet og alle dere som har vært med å engasjere dere for fortsatt heilårsdrift. Det blir båtskyss frå Dyrkorn kl 11.00 og her på garden har Super’n og kompisane komme heim frå slakteriet, så då er det sjølvsagt tid for fårikålfest.

Værmeldingane er så bra som eg nesten ikkje har sett i år – så no er det absolutt berre å snøre på seg fjellskoa, ta på seg ullkle og ta ein tur!

   

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Leik og moro

Vi er velsigna med verdas beste nabo. Idar på Me-Skotet brukar mykje av tida si til å fortelje om livet under oppveksten til gjestar og skuleborn som kjem for å besøke oss og det er ein vanvittig verdi for oss som museum at vi har ein med fyrstehandskjensle av korleis det var.

Og heldigvis fortel han om leik og moro også og ikkje berre hardt slit og arbeid. Som då han lagde til småkredam i den lille grova innai huset deira og fiska småkre som han satte uti, eller bygde seg hæsje av små kvistar og med berre ein trå som han kunne tørke hoa på i småskala. Eller at også han fant på rampestreker som då han satte saudebjelle på katten som blei vetaskremt og stakk til skogs (og heldigvis kom tilbake eit par dagar seinare).

Derfor er det eit stort privilegium å være museumsbestyrar og sjå at borna i dag leikar på akkurat samme måte. Ingen ting er så kjekt som og hoppe i høyet, fiske etter småkre i elva eller plukke blåbær og lage seg ein liten kladd med syltetøy til brødskiva. Det er faktisk ikkje naudsynt og alltid organisere dei hit og dit i grupper og tenkje ut djupe pedagogiske opplegg for at borna skal få kjenne litt på «gamledagar», dei gjer det heilt av seg sjølv når dei får lov å være born på sjølvstyr. Eg er veldig glad for at Ytste Skotet er eit museum der borna får være i naturen, være til nytte i gardsarbeidet, være born og leike seg med dyr og andre slik som sikkert mange av vi vaksne tok som ein sjølvfølge då vi var born. Og eg er veldig veldig takknemmeleg eg er ein vaksen som fortsatt har moglegheita til å leike på akkurat samme vis!

   

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Som Matfestival på Kjerringa

Hele denne veka har vært ein av dei kjekkaste vi har hatt på garden på lang tid. Søndag er det klart for den årlege museumssøndagen der mat og mattradisjonar står på plakaten. Og dette er noko av det beste med å jobbe på Skotet – når eg virkeleg får testa kjerringemneegenskapane og kjent litt på kroppen korleis eit kjerringliv på Ytste Skotet må ha vært med sjølvberging og konservering av mat for heile familien.

Nokon heilt åpenbare forskjeller er det sjølvsagt. Her kjøper vi inn pastaurisert rømme når vi skal kinne smør og fløyte til å koke brunost, istaden for å gå i fjøsen og handmjelke 7 kyr og 20 geit for så å separere og sile, og eg trur ikkje dei fekk så mykje folk på besøk her ein heilt vanleg sundag som vi mest truleg gjer på våre søndagar. Men tradisjonane rundt mat var sterke, når det kom gjestar var det å dekke på det beste ein hadde for å dele både måltid etter ei lang reise hit og nyheite frå andre sida.

Og no har vi prøvd å koke brunost for fyrste gong. Eg blei avdvart om at det var ein lang prosess med mykje røring – men aldri hadde eg trudd det skulle være så mykje arbeid for så lite ost. Vi kokte og bar ved, rørte og spekulerte til langt på natt. Det gjev meg berre ein vanvittig respekt for kvinnfolka før og korleis dei fekk mat på bordet til familien. Eg har også hørt att historier om at dei på Ytste Skotet betalte for tjenestar med geitost, til dømes fekk dei som var med og satte opp taubana 2 store ostar som takk for hjelpa. Før nattas strabaser tenkte eg at det hørtest no litt lite ut – men no skjønnar eg at arbeidsmengda må ha vært omtrendt det samme. Og så godt som det smakar, heimelaga brunost, nystekte brød og nykinna smør anbefalast!

Så no er det siste innsprut, med baking av saupkake, koking av blåbærsaft, lage råmelkspudding og tappe over det nybrygga ølet. Og det er med stor glede vi ser at værmeldingane berre blir betre og betre, så vi håpar mange tar turen hit i morgon! Det blir båtavgonger frå Dyrkorn kl 10.00, 11.00 og 12.00 og vi kokar til rømmegraut til middag.

Kom kom 🙂

   

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Og då har vi ein fin ny veg til Ytste Skotet :)

Den siste veka har det vært det argaste syn på Skotet med fire råsterke nepalske Sherpa som har bygd ny veg opp til garden. På berre ei lita veke bygde dei opp ny rås med gode trappetrinn der det store raset tok med seg mykje av vegen. Vegen er så bra vi har diskutert om det faktisk går ann og sykle den 🙂

Dette var litt av ei oppleving for oss på garden med så eksotiske gjestar. Husfrua måtte på internett og finne oppskrift på nepalsk mat og humøret var på topp då karane kom heim frå arbeid og kunne fortelje at dei kjente igjen matretten som noko dei kaldte shepa (?), eller nepalsk lammegryte. Og eg lurer litt på kva dei måtte tru om oss som til stadigheit drog med ny store grupper med barn opp hit, spiste grøt og brennsnut og brennsnut og grøt, høgde ved og saga tre. Men vi blei rett godt kjent og vi er utrulig glade for jobben dei la ned i vegen. At det er trygt og enkelt og komme seg på Skotet er viktig for oss – og no kan sommarsesongen for alvor starte.

Vi vil takke for besøket, innsatsen og hjelpa til alle som har bidratt for å få vegen i stand igjen og til alle sommargjestar:

VELKOMMEN TIL GARDS 🙂

Posta under Uncategorized | 5 kommentarar

Mai på Ytste Skotet

Ja det er vel slik at dette eigentleg skulle være ein 8.mai blogg, men museumsbestyraren er noko på etterskot. Mai er her med full tyngde, vi har starta opp med skuleklassar, fått arbeidsfolk til gards frå Nepal som bygge opp att sjåvegen og museumssøndagane går for full rulle. Først ute var den glutenfrie museumssøndagen der Norsk Cøliakiforening kom og var her ein søndag, og dere kan lese meir om korleis dei hadde det på heimesida deira.

No på søndag er det meldt kjempebra vèr og skyssbåten er klar for å frakte folk over. Altså ein sjans for alle og ta seg ein fin søndagstur!

I Stiftinga Sunnmøre Museum finnest det mange flotte bloggar og vi har prøvd oss litt med felles bloggaksjonar der alle skriv litt om det samme tema. 8. mai skulle altså være eit slikt tema og eg tenkte meg til med ein part med ho Jenny, som budde på Skotet under krigen for å høyre korleis det var her på garden dei åra. Bitte lite forsikna skal dere no få lese historia frå krigen som Jenny hugsa best.

Og det var då Gestapo kom til gards. Jenny hadde eit søskenborn i Ålesund som heite Oskar og han dreiv med illegalt arbeid. Nokon sladra han ut til Gestapo, at han skulle være på Skotet, og dermed leigde dei seg båt frå Dyrkorn for å komme opp hit og sjå etter han. På Skotet hadde dei både våpen, amunisjon og ikkje minst radio. Så skyssbåten frå Dyrkorn lest som om han fekk motorstopp og båten med tysk politi låg og dreiv i fjorden, såpass lenge at folk rakk og springe over fjellet frå Ramstad for å varsle om at dei var på veg. Jenny fortalde dei gjømte både radio og våpen i høystålet, under ein bete på inste enden, men at ho var veldig engsteleg då dei kom. Alt dei kunne gjere var å svare Gestapo så sant dei kunne, at jo da, Oskar hadde vært der og hjelpt til med potetene, men no viste dei ikkje kvar han var. Heldigvis gjekk det bra, men Jenny fortalte ho ofte lurte på kva som ville skjedd om dei fann radioen og våpena dei hadde gjøymt.

Og eg kan ikkje anna enn og glede meg over at det fortsatt leve nokon som budde på Ytste Skotet før i verda som kan dele små minne med oss, og at vi kan glede ho me små rapportar over dagleglivet her oppe. Som for eksemepl at Storfjordens Venner skal til og sette opp Storeløa på myra og at vi slår der oppe til vinterfôr for saudane – nei det var fole til stas syns ho Jenny. Då eg skulle gå sa ho: «Det er så godt å tenkje på, at folk er lukkelege på Skotet. Du får helse Skotet – helse husa frå ho Jenny..»

   

Posta under Uncategorized | Merkt , , | Éin kommentar

Dugnadstid

Endeleg er dugnadssesongen snart i gong. Til helga renne garden full i folk som skal være med på Storfjordens Venner si dugnadshelg. Og det med eit heilt nytt prosjekt då dei skal starte opp med og restuarere Storeløa frampå slåttemyra Gjerdå.

Dette blir vanvittig kult av fleire grunnar. Planen er å sette opp løa akkurat slik ho sto som ei utmarksløe for høy. Fram til 50-tallet var Gjerdå ein viktig kilde til vinterfôr og dei kjørte ned høyet på vintervegar utpå nyåret. I dag kan ein fortsatt finne restar av løa, så dei veit korleis det såg ut, kor stor ho mest sanslynleg var og korleis utforming ho hadde. Så dugnadsgjengen skal ut på skogen, finne emne og sage material med handssag. Dei skal sette opp sagstillingar oppe ved løa, bruke trenaglar og være sjølvforsynt frå eigen skog med det ein treng av virke. Dermed blir løa så lik den gamle som mogleg, og tradisjonen og handtverket med å sette opp slike grindbygg blir formidla og lært vekk til alle som vil være med. Det er eit lite tankekors at dette var kunnskap som var «allemannseie» for berre 100 år tilbake i tid – og no er det berre dei aller færraste og mest interesserte som kan det. Så vi er veldig heldige her på Skotet som har ein dugnadsgjeng som er så levande engasjert, kompetente og glad for å komme hit på Skotet og gjere ein innsats.

Denne løa blir også ein vesentleg del av kulturlandsskapet på Gjerdå. I fjor haust fekk ho kategori A som verdifull slåtteeng i Naturbase mykje fordi vi har begynt å slå der framme igjen, og med slått kan ein ta vare på eit stort biologisk mangfold som blant anna raudlistearten Solblom som det finst mykje av på myra. Storfjordens Venner har organsiert kratt og skogrydding allereie for 5 år tilbake og fleire sesongar med mykje dugnad har vært lagt ned i kulturlandsskapet der framme.

No er vi igong med slått som skjøtsel. Så vitt eg veit har det ikkje blitt prøvd å restaurere myrslått som i over 60 år har stått uskjøtsla så vi har eit forskningsprosjekt på gong der vi kvart år registrerer kva artar og kva tettheit dei veks i faste prøveflate som blir slått og med kontrollruter som ikkje blir slått. Slik håpar vi og på lang sikt vise kva konsekvensar den skjøtselen vi gjennomføre har – og håpet er sjølvsagt at det blir meir slåtteengstruktur, meir solblom og meir gras og blomster og mindre lyng og kratt.

For meg som museumsbestyrar som drive garden heile året er det også eit kjempepoeng og igjen ha bruk for og nytte utmarkshøyet som ressurs. Eg gleda meg stort til å neste vinter kunne bruke hesten og kjøyre ned høy frå løa der oppe til sultne sauder i fjøsen.

Har du lyst å være med på dugnad? Det er mange forskjellige oppgåver, frå tungt skogsarbeid, matlaging på vedkomfyr og grue og finsnekkering, så det finnest jobb for alle uansett førkunnskap! Ta kontakt med dugnadsleiar Geir Ola Vatne på 97694215 og meld deg på 🙂

   

Posta under Uncategorized | Merkt , , , , | 2 kommentarar