Har du noko gamalt material liggande??

Vinteren nærma seg og nysnøen ligge langt ned i fjellet. Saudene kosa seg maksimalt ute enda, men snart må dei også inn for vinteren. I fjor hadde eg berre alle i eit stort rom, men i år har eg eit stort ønske om å få delt saudefjøsen litt slik at ein kan fôre dei individuelt. Det var også stekker i fjøsen frå gamalt av slik at i grunnen har aldri fjøsen blitt ferdig restauert sjølv om sjølve låven blei berga.

I sommar fekk eg komme inn i saudefjøsen på Me-Skotet, og eg heldt på å ta til tårane då eg såg korleis stekkane var bygd opp av hønngammalt materiale. Idar tok seg god tid til å forklare korleis dei hadde sau då han budde der, kva dei fôra med til kva tider på året, og korleis han som gut ofte brukte å sete i trappa der for å sjå kven av søyene som åt raskt, og kven som trengte meir tid for å få i seg fôret- og dermed kven som burde ha ein stekke ilag.

Så det er klart som dagen, fjøsinnredning til saudene må vi ha. Både fordi saudene får det bedre då, og fordi vi som formidlande museum bør ha ein fjøs som er så nærme det «kulturhistoriske rette» som mulig.  No kan vi berre sage ny material frå skogen her, men det eg ønske meg mest av alt er gjenbruksmaterial, gamle brukte plankar som kunne få ein siste bruk i fjøsen her. Dette har vi lite av på garden, så dermed gjeng vi no ut på verdensvenen og håper nokon har noko liggande. Kanskje fins det i området ein gamal færing med material som kan bli fjøsinnredning som siste reis?

Ta kontakt om du veit om noko!

Dette innlegget vart posta under Uncategorized og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Har du noko gamalt material liggande??

  1. Knut Myklebust seier:

    Hei. Var å skrota en fin gammel færing i dag. Den har firkantroer og sikkert fra tidlig 1900 tallet. Det er fortsatt mulig å sage ut sidene (bordinga) som er av god kvalitet. Gi meg en rask tilbakemelding om du ønsker dei så skal jeg sage de ut.

  2. Supert! Det vil vi gjerne!! Den får eit mykje bedre som fjøsinnredning her 🙂 Takker!! Akkurat det vi var på utkikk etter, men treng heilt sikkert meir også om nokon har noko liggande 🙂

Kommenter innlegget